Kvil i fred, Svein

Det er lenge sidan Svein Jar­voll og eg har sett kvar­andre. Like­vel kjen­nest han som ein ven. Vi var ein del saman ved ulike høve på åtti- og nitti­ta­let, og det var alltid like hyg­ge­leg å vera saman med lærde, kloke, ven­lege Svein Jar­voll.

Eitt minne har sett seg uut­slet­te­leg fast: då Tor Ulven vart bisett vart Svein og eg sitjande attmed kvar­andre. Svein byrja tidleg å gråta, og han gret saman­hen­gande gjen­nom heile biset­jinga. Det vel­dige sorga hans kan fram­leis kjen­nast i krop­pen.

Det var elles Svein Jar­voll som dagen etter at Ulven var død ringde og for­talde meg om døds­fal­let.

Gode Svein, kvil i fred.

Denne teks­ten er ett av flere minne­ord over Svein Jar­voll (5. mai 1946–18. februar 2026), pub­li­sert samlet i Cloaca Maxima 3. mars 2026. Jon Fosse (f. 1959) er for­fat­ter.