Det blå bæret

Eg les om Svein Jar­voll i Sigurd Johan­ne­sens vei på Nor­strand i 1965, i opnings­ka­pit­let Usta­dig­het Usta­dig­het, nr. 1 av H Press sin serie Impe­ra­tiv, om kvifor skriva kva og kor­leis, der nit­ten­årin­gen brann bøkene sine i hagen. Eg ser han sjå bøkene brenna, flam­mane som et og endrar papi­ret frå kvitt til svart og skrifta frå svart til kvit. Alt den unge mannen har fått i seg av bok­stof­fet ber han med seg, språ­ket er fly­tande i han, papi­ret kan fara i eld­tun­gene, men noko er att, det veit eg, at han hadde mykje av lit­te­ra­tu­ren i seg. Fyrste gongen eg såg Svein Jar­voll i levande person trur eg var i Bergen på eit essayse­mi­nar på høg­sku­len. Eg tippar det må ha vore i 1997, Svein steig opp på scena, den ein­aste utan manu­skript, og inn­lei­inga på inn­leg­get hans var å sitera opninga på Dantes Den gud­dom­lege kome­dien utan­boks på ita­li­ensk. At eg min­nast dette, snart tretti år etter, skul­dast vel inn­tryk­ket det gav, trass i at eg ikkje skjøna noko av det. Vidare tok han føre seg den nylege norske att­dik­tinga av Ulys­ses, der han med synleg vreide snakka om skil­na­den på eit kolon og eit semi­ko­lon. Av det skjøna eg at kvart eit teikn tel. Sidan lærte eg å kjenna for­fat­tar­ska­pen og per­sonen, i små dosar får eg seia, for Svein var ikkje å sjå kvar ein stad, ein måtte anten invi­tera han, som me gjorde nokre gonger til Skrive­kunst­aka­de­miet, eller via til­fel­dige omve­gar råka på han over eit glas. Eg vil ikkje gjera noko stort nummer av at han var ein Aust­ra­lia-farar, som i mi verd var ein som ikkje kom attende. For saka var vel at han var ein som kom attende. I røynda er det ingen stor skil­nad på å vera til stades og å vera rei­sande. Eg veit ikkje om han måtte brenna bruer for å koma att, men eg trur han heldt dei brende bøkene levande, at dei kom attende i det han skreiv. Svein Jar­voll si inter­esse for språk er kjent for dei som kjende han, også for lesa­rane hans, det kjem tyde­leg fram at han var ein mann med sans for lesnad og tydin­gar. Og på same tid ten­kjer eg at han var opp­te­ken av det usta­dige og util­strek­ke­lege ved det, for kan det ikkje seiast slik, at språk og sansar heng saman? I mange år var jeg ute av stand til å se blått, skriv Jar­voll. I mange år var havet og him­me­len alltid grå. Og det var der me møt­test, Svein Jar­voll og eg, i ein leit etter det blå, som i blå­bæ­ret, i san­singa av det blå bæret.

Denne teks­ten er ett av flere minne­ord over Svein Jar­voll (5. mai 1946–18. februar 2026), pub­li­sert samlet i Cloaca Maxima 3. mars 2026. Tormod Haug­land (f. 1962) er for­fat­ter.